Det vert ikkje puls-/styrke-trening med Eilin og Jannicke denne veka.
“Helgetimen” i veke 41 vert i ballbingen søndag 11. oktober kl. 19.00.
Vi tilbyr trening for alle frå 16 år til pensjonistar! Vi har 3 faste treningar i veka. I vinterhalvåret foregår desse inne i Naustdalshallen. Vår/sommar/haust er vi ofte ute og trenar i staden.
Faste treningstidspunkt oktober – april:
Måndagar kl 20-21: Styrke – intervall med Anne Mortensbakke Solheim. Eigen kroppsvekt.
Onsdagar kl 20-21: Kondis-flyt med Eilin Helgås Aase. Trening til musikk.
Torsdagar kl 19-20: Sirkeltrening/basisball med Torunn Solheim. Styrketrening med lett ball, som også mange menn trivast med.
Her får du info om eventuelle endringar, pop-up-treningar og treningstider i sommarhalvåret. Pris: 900kr per år. Då kan du gå på alle tre treningane! (I tillegg kjem medlemskap i Tambarskjelvar idrettslag.)
Kom gjerne på prøvetimar!
Kontaktperson: Borgny Hynne Hatleset Tlf: 415 79 313
Det vert ikkje puls-/styrke-trening med Eilin og Jannicke denne veka.
“Helgetimen” i veke 41 vert i ballbingen søndag 11. oktober kl. 19.00.
“Helgetimen” i veke 40 vert i Ballbingen fredag 2. oktober kl 17.00.
I veke 38 vert utetimen i ballbingen fredag 18. september kl 17.00.
Styret i Trimgruppa har i dag trekt 2 vinnarar som får kvar sitt gavekort på kr 500,-. Det vart trekt mellom dei som har delteke på 5 eller fleire av trimturane sommaren 2015. Heldige vinnarar vart: Terje Fjellestad Britt Kringlen GRATULERER!
Utetime i veke 37 vert søndag 13. september kl 19.00 i Ballbingen ved skulen.
I tillegg til onsdagstimane, tenkjer Anne Marit å halde ein utetime i løpet av helgane framover. Desse timane kallar ho BasisBall Kondis. Timen varer omlag 50 min. Her er det eksplosiv og uthaldande styrke som er fokus. Ein jobbar i intervall, slik at det blir ein skikkeleg kondistime også. I tillegg til BasisBall brukar vi hoppetau. Anne…
Måndag 17. august Varlidvatnet frå Teigen: Gåtid, ca 3 – 3,5 time. På grunn av lengda på turen og haustmørke kveldar endrar vi starttidspunktet. Møt fram ved Gamlebrua kl 18.00.
Hovudlaget/Trimgruppa har investert i 35 BasisBallar, og ønskjer no å invitere medlemmene i T.I.L til nye og spennande treningsøkter i haust/vinter. Anne Marit Sølvberg Rygg har gjennomført nødvendig utdanning for å vere trenar, og ønskjer i fyrste omgang å legge opp til fast trening kvar onsdag kl. 20-21 + ei treningsøkt der dag/klokkeslett vil variere….