Medlem

Medlemskap i Tambarskjelvar IL

Bli medlem/logg inn i MinIdrett: MinIdrett Tambarskjelvar IL

Her kan du enkelt melde inn deg sjølv eller ungane dine. Du kan også redigere kva grupper du er med i. Dei ulike trinna i prosessen finn du i denne videoen frå NIF

Du må hugse å melde deg inn i den eller dei gruppene du ønskjer å delta i.
Her er ein video som viser korleis du velger grein, du kan velge alle dei du, eller ungane dine, ønskjer å delta i.

I MinIdrett kan du sjølv redigere informasjon som ligg om deg, informasjon om kontingent og melde deg på konkurransar. Du kan også melde deg ut av idrettslaget om du ønskjer det.

MinIdrett

 

 

 

 

Medlemskontingenten er ei viktig inntekt for idrettslaget og blir nytta til å betale fellesutgifter. Kontingenten er inngangsporten til aktivitet i Tambarskjelvar IL. Hugs at kontingenten inneheld barneforsikring til utøvaren fyller 13 år. Du kan lese meir om barneforsikringa på NIF si heimeside. Utøvarar som er 13 år og eldre må sjekke forsikringsordninga som gjeld for aktuelt idrett og forbund.

  • Sjå satsar for medlemskap i boksen til høgre

Kontingentkravet vert sendt ut gjennom MIN IDRETT
Tambarskjelvar IL sitt medlemsregister er knytt til Norges Idrettsforbund sitt systemet KlubbAdmin. Det du registrerar i MinIdrett vert overført til KlubbAdmin og frå dette systemet ser vi både medlemstal og anna viktig info. I MinIdrett kan du som føresett registrere borna på dei aktivitetene dei er med i. Hugs å registrere deg sjølv og!

Rett informasjon
For å få ei mest mogleg rett rapportering treng vi både fødselsdato, mnd og år på alle medlemmane våre, både føresette og barn, dvs alle i familien. Vi ber og om å få registrert epostadresse for dei av dykk som har det. Det er viktig at de gjer dette då tal medlemmar som vert rapportert til Norges idrettsforbund påverker økonomien til laget.

Kontingent

Medlemskontingenten i Tambarskjelvar IL er frå 2021:

Vaksne kr 200
Ungdom 10–17 år kr 100
Born under 10 år kr 50

Støttemedlem kr 100

Treningskontingent/lisens til dei ulike gruppene kjem i tillegg. I kontingenten ligg det ei forsikring frå If barneidrettsforsikring som dekker eventuelle skader på trening og konkurransar i Tambarskjelvar IL sin regi, for medlemmer opp til og med 13 år. Medlemmer over 13 år må betale kontingent/lisens i sin særidrett for å ha forsikring gjennom idrettsforbundet.

Skip to content