Politiattest

Alle som jobbar med born og unge i Tambarskjelvar IL skal framvise politiattest. Denne skal framvisast innan 15. oktober 2016.

Krav om politiattest i Tambarskjelvar idrettslag

Styret i Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF) vedtok med verknad frå 01.01.2009 at heile norsk idrett skal krevje politiattest for alle som skal utføre oppgåver som inneber eit tillits- eller ansvarsforhold ovanfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming.

I Tambarskjelvar idrettslag blir ordninga handtert på følgjande måte:

Alle tilsette og frivillige som skal utføre oppgåver for idrettslaget som inneber eit tillits- eller ansvarsforhold ovanfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming skal skaffe politiattest.

Dette skal gjerast i samråd med: Ole Jonny Klopstad e-post: ole@klartogtydeleg.no telefon: 99626362 eller  Torgeir Herstad e-post: therstad@hotmail.com telefon: 91341593 innan 15 okt.

Begge representantar har teieplikt ovanfor uvedkommande i forhold til dei opplysningar dei får kjennskap til.

Innhenting på ein-to-tre:

  1. Søknaden om politiattest fyllast ut av den søknaden gjeld for (info og søknadsskjema finn ein her: idrettsforbundet.no/klubbguiden/politiattest), og sendast politiet saman med stadfesting frå idrettslaget. Denne får ein av ansvarleg for politiattest, (namn på styreoppnemnt ansvarleg for ordninga i idrettslaget)
  2. Politiet sender attesten som ordinær post til den søknaden gjeld for. Den blir ikkje sendt til idrettslaget.
  3. Den søknaden gjeld for, skal vise fram politiattesten sin til Ole Jonny Klopstad. Idrettslag skal ikkje lagre attesten, men berre få den vist fram til gjennomsyn.

Personar som ikkje har vist fram politiattest utan merknad, kan ikkje settast til oppgåver som inneber eit tillits- eller ansvarsforhold ovanfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming.