Hovudlaget/Trimgruppa har investert i 35 BasisBallar, og ønskjer no å invitere medlemmene i T.I.L til nye og spennande treningsøkter i haust/vinter.

Anne Marit Sølvberg Rygg har gjennomført nødvendig utdanning for å vere trenar, og ønskjer i fyrste omgang å legge opp til fast trening kvar onsdag kl. 20-21 + ei treningsøkt der dag/klokkeslett vil variere.

Kva er Basisball?
Basisball er basistrening med ein medisinball med handtak.

Du får trent heile kroppen og ulike bevegelsesmønster med stort fokus på stabiliserande, uthaldande og eksplosiv styrke. Treningsøktene er enkle, rå, harde og effektive. Treninga gjev deg ein sterk base. Dermed vil du også tåle meir, ikkje berre på trening men også i kvardagen.
https://www.youtube.com/watch?v=d_XL0pJphTQ

Kven passar BasisBall for?
Menn og kvinner i alle aldersgrupper. Kvar øvelse vert tilpassa med tanke på vanskegrad, tempo og intensitet.
Kvar/kortid?
Naustdalshallen, frå 02.09.15 onsdagar kl. 20-21

Pris sesong 2015/2016?
Kr 300 for dei som ikkje betalar kontingent til anna undergruppe i T.I.L t.d. friidrettsgruppa, trimgruppa, fotballgruppa osv.
Kr 200 for dei som betalar kontigent til annan undergruppe.

Kontigent til hovudlaget T.I.L kjem utanom.