Ski og orientering
Orientering
Gruppa arrangerer både Stolpejakt og tur-orientering kvar sommar, med 60 stolpar/postar plassert i tre ulike område i Naustdal. På Stolpejakta deltek to-tre hundre personar frå både Naustdal, resten av Sunnfjord – og frå andre stader i landet. Det er eit gratistilbod!
Tur-orientering har Naustdal hatt sidan 1980-talet!
Gruppa har fleire gode orienteringskart i fleire område i Naustdal. Karta vert oppdaterte og brukt både til løp og tur-orientering/stolpejakt. Tambarskjelvar arrangerer kvar haust eitt eller to kretsløp. Eit av dei er den såkalla Haustbløyta.
Det er tilbod om løyper ein kan prøve seg i kvar vår. Det vert arrangert nærløp saman med Førde. Orientering står også på programmet til barneidretten (årshjulet) kvar vår og haust.
Ski
Med Instedalen skianlegg har skigruppa eit flott skileik-anlegg og løyper til aktivitetane. Åsmunds skiskule vert arrangert kvar måndag gjennom heile vinteren med mange deltakarar. Gruppa arrangerer 8-10 karusellrenn i langrenn, også med ganske bra deltaking. Ski- og orienteringsgruppa er også med å arrangere Instiaden som er skileik for heile familien – med både frie aktivitetar og tevlingar i hopp, langrenn, kulekøyring, hopp og aking.
Gruppa prøver å få til organiserte treningar, men har førebels ikkje lukkast med å skaffe trenarar.
Du finn oss på Facebook:
Ski- og orienteringsgruppa
Stolpejakta
Tur-orientering
Instedalen skianlegg
Styret i gruppa er:
Åsmund Berthelsen, leiar – 93237073
Norid Linda Smådal
Torgeir Fauske
Torgeir Herstad
Norvald Ospehaug
Borgny Hatleset
Årshjulet for barneidrett (0-6 år) og idrettskulen (7-12 år) byr på allsidig trening – Velkomen til kjekk trening! Årshjul Barneidrett og Idrettsskulen Tambar 2019-2020
Resultatliste KM natt/Nattløp i Instedalen Skianlegg 17.10.2018 D-open (2,6 km) Anja Hole 37.50 D-open (1,6km) Anita Hole 1.04.30 D17 (3,8km) Ida Johanne Aadland 51.37 H-open (2,6km) Håkon Grønli 32.21 Knut Even Hole 55.49 Kurt Grønli 1.15.24 H 50 (3,8km) Gunnar Gytri 42.43 Marius Dalin 50.21 Ynge Årdal 55.34 Johan Magerøy 1.09.52…
Komande laurdag og sundag, den 22. og 23. september er den store orienteringshelga i Naustdal med krinsmeisterskap i nattorientering laurdagskvelden og den årlege haustbløyta på søndag. KM-natt er i Instedalen med start i skianlegget. Her er løyper for alle – både krevjande og mindre krevjande, og både lange og korte. Start kl. 20.00 eller når…
Åsmund Berhelsen er tildelt Friluftslivets Ildsjelpris for sitt dugnadsarbeid innan friluftsliv og idrett gjennom mange år. Les meir her! Tambarskjelvar gratulerer med velfortent pris!
Eit tilbod til born og unge i vinterferien (19.-23.2.! Ei god blanding av organiserte og frie aktivitetar, på ski og utan ski, i skogen og opp på toppen, mat, skiskyting, hundekøyring mm Ver med ein, to eller alle dagane! Påmelding innan 1. februar til: Åsmund Berthelsen – 93237073 eller asmund.berthelsen@icloud.com Oppgje alder og dagar de…
For ellevte gong vert det skiskule i Instedalen Skianlegg! Åsmunds skiskule startar måndag 8. januar og held fram kvar måndag til midt i mars. I år vert det to grupper heilt frå kl. 18.00, ei for dei frå 3-4 år og oppover til 6-7 år, og ei for dei frå 8-9 år og oppover. Ungane…
Også i vinter vert skikarusellen arrangert på søndagar, med påmelding frå 12.30 og start kl. 13.00. Fyrste rennet går søndag den 14.1.! Alle renna går i Instedalen skianlegg med veksling mellom klassisk, fristil og langrennscross som er ei løype med både portar, hopp, trampelåm og langrenn. Laurdag 24.februar arrangerer Ski- og orienteringsgruppa sonerenn i langrennscross!…
Snøen kom tidleg, og det har allereie for godt skiføre i fleire dagar! Løyper og anlegg i Instedalen er preparert og kan nyttast. Vi legg opp til at løype og anlegg er preparert og ope til kvar ettermiddag/kveld gjennom heile veka og i helgane. Parkeringsplassen ved Vonavegen og løypa til Vonavatnet brøyter og preparerer vi…