Historikk

2008
Boka om Tambarskjelvar si historie kjem ut i mai. I august opnar den nye kunstgrasbana.
2007
Det vert lagt fram planar om kunstgras på fotballbana og opprusting av løpebanene. Og det vert jobba med å skaffe midlar.
2006
Tambarskjelvar går saman med Naustdal kommune og Instedalen krins om å skipeInstedalen Skianlegg BA som skal legget il rette for skiaktivitet i Instedalen.
Frå og med vinteren 2007–08 er ein i gang med preparering av skileikanlegg ogl øyper i Vonaområdet.
2001
Naustdalshallen vert teken i bruk i oktober. Tennisgruppe vert starta opp.
1996
Stian Grimseth vert europameister i rykk i Stavanger. Han gjentek bedrifta året etter.
To utøvarar frå Naustdal deltek i OL i Atlanta. Stian vert nr. 10 i vektlyfting, og Merita Berntsen Mol vert nr. 9 i sandvolleyball.
1994
Det vert skipa vektlyftargruppe på nytt,med Odd Gunnar Røyseth som leiar.
Naustdalslyftarane flyttar frå Førde og heim att til Naustdal.
1988
Det vert starta opp med organisertbarneidrett, og gruppe vert skipa med Jorill Kalland som den fyrste leiaren.
I 1991 vert det godkjent som idrettsskule.
1986
Symjegruppa vart lagd inn under trimgruppa.
1982
Tambarskjelvar er ferdig med lysløypa i Åsedalen.
1981
Ny idrettsbane ved Naustdal barne- og ungdomsskule vert teken i bruk til Naustdalstafettane.
Damelaget i volleyball debuterer i 1.divisjon (eliteserien i dag) og tek ein sensasjonell andreplass sesongen 1981/82.
1980
Det vert skipa vektlyftargruppe i Vevring med Leif Apneseth som leiar.
Denne gruppa vert lagd ned i 1983. Årsmøtet vedtek å opprette fotballgruppe, mot tor øyster. Melder på seniorlag i 7. divisjonåret etter.
1978
Volleyballjentene tek medalje i NM for fyrste gong, sølv for jenter 17 år på Bryne.
1976
Arealet i Årøyane som var tenkt til idrettsbane, vert selt attende til grunneigaren.
Salssummen på 22 000 kroner går til bygging av idrettsbane med NBU.
1973
Kallandsbakken vert bygd ut og om.Planar om lysløype på Kalland.
1971
Volleyballgruppa vert skipa med Jens Hilde som den fyrste leiaren.
Det vert skipa trimgruppe med Elin Hvidsten som den fyrste leiaren. Håkon Fimland vert norsk meister på 110 meter hekk. Han var norsk meister dei neste fem åra. Alt i 1967 vart han nummer to i NM på korthekken.
1970
Symjegruppe vert skipa med Gunnar Hage som den fyrste leiaren, og han og Jens Hilde er instruktørar.
1967
Det vert sett av areal til idrettsbane nær skulen i sentrum. Den nye ungdomsskulen er ferdig, med gymnastikksal og symjebasseng.
1965
Ei gruppe startar arbeidet med idrettsbane i Årøyane utan vedtak i styret.
Eit fleirtal i styret vedtek å stoppe arbeidet. Naustdal Idrettslag vert skipa som eit resultat av striden kring idrettsbana og har medlemmer hovudsakleg frå Horstad krins. Tambarskjelvar er den beste friidrettsklubben i fylket.
1964
Det vert skipa orienteringsgruppe med Arvid Follevåg som leiar. Det har vore orienteringsaktivitet dei tre–fire siste åra.
1961
Laget startar innetrening i Fosshalla med Arvid Follevåg som trenar.
Jentene kjem med på trening for fyrste gong. Den nye Tambarkollen med 18 meter høgt stillas står ferdig til påske.
1958
For fyrste gong er det dameklasse i ein stafett. Difor må Naustdalstafetten endre namn til Naustdalstafettane.
1956
Norvald Herstad vert norsk meister i tikamp. Han representerer då Gular.
Herstad fekk i åra frå 1952 til 1957 tre andreplassar og ein tredjeplass i NM i tikamp i tillegg til sigeren. Det vert kjøpt areal til idrettsbane i Årøyane (Horstad).
1955
Naustdalstafetten vert skipa til for fyrste gong med åtte lag på startstreken. Tambarskjelvar vinn både A- og B-klassa.
1953
Det vert skipa gruppe til å ta seg av barneidretten.
1952
Norvald Herstad vert nummer to i NM i 10-kamp.
1951
Tambarskjelvar vinn for fyrste gong herreklassen i Breimstafetten. Laget vinn stafetten til saman ni gonger.
1948 eller 1949
Tambarskjelvar vert lag for heile kommunen. Det er fleirtal for å endre namnet til Naustedalen Idrottslag, men fleirtalet er ikkje stort nok til å få endra lovene.
Det vert skipa særgruppe for både friidrett og ski.
1946
Drifta av laget kjem i gang att. Jostein Åsebø er leiar fyrste året.
Den fyrsteTambarkollen vert teken i bruk. Naustedalen Idrottslag prøver også å kome i gang etter krigen, med Harald Erdal som formann.
1940–1945
Laget var offisielt nedlagt og støtta idrettsfronten.
Men i det stille var det stor idrettsaktivitet, både med skirenn og friidrettsstemne. Arbeidet med Tambarkollen startar i krigsåra.
1936
Lagsarbeidet vert teke opp att med Jostein Åsebø som leiar. No var det skiidretten som var det viktigaste.
Interessa auka og mange vart aktive. Åsebø, Henrik Bruflot, Kåre Eimhjellen, Alv Svorstøl og Sigvard Ness skifter på å vere leiarar i perioden fram til krigen.
1925
Laget deltek for fyrste gong i tilskiping utanfor kommunen. Ola Fimland og Ingolv Eimhjellen er med på skirenn i Førde.
På Ålhus i Jølster er også Jostein D. Fimland med.
1920
Lagsarbeidet minkar utover på 1920-talet i takt med den store utvandringa til Amerika frå Instedalen.
1919
Naustdal Idrottslag vert skipa. Laget femner om sentrum og delar av Naustedalen.
1914
Laget vert teke opp att og skifter namn til «Tambarskjelvar».
Ola Sunde og Karl Fimland er initiativtakarar. Sunde vert leiar. Laget driv no meir med friidrett, og skiidretten kjem etter kvart inn.
1907
Laget vert passivt etter at formannen reiste til Amerika.
1905
Laget vert skipa under namnet «Hermod» med Jakop Slettemark som leiar.
Laget driv med gymnastikk og turn, og med øving i høgde, lengde og springing, og ein leik dei kalla «Holmgang».
1902
Jakop Slettemark deltek på kurs i turn i Bergen.
Skip to content