Last ned årshjul for allidretten 2021/2022.

Barneidrett / Idrettskulen:
Vi legg til rette for allsidig og variert aktivitet / trening for born i alderen 2-10år. Treningane blir delt inn etter alder, så ungane er i lag med dei same som går i barnehagen / i klassen på skulen. Her får barna lære kvarandre å kjenne på ein annan arena, i ein kjekk, trygg og sosial setting.
Dei yngste borna (2år-1.klasse) har ei trening i veka (torsdagar kl. 17-18), der foreldre / føresette er med barna sine og skapar eit trygt miljø. Treningane er inne i Naustdalshallen og strekker seg over vinterhalvåret frå etter haustferie til ca. påske.
Eldste gruppe (2.-6.klasse) har to treningar i veka (måndagar kl. 17-18 (ski etter nyttår startar kl. 18), og torsdagar kl. 18-19). Her er ein innom mange ulike idrettar gjennom skuleåret. Ungane får prøve seg i idrettar som fotball, handball, volleyball, basketball, friidrett, turn, ski, sykkel, orientering, vektløfting, judo og rugby. Treningane følger skuleåret med utandørsaktivitet før haustferie og etter påske, samt ski utandørs måndagar etter nyttår. Dei andre treningane føregår inne i Naustdalshallen frå etter haustferien.
Det er utarbeida eit eige årshjul der ein ser rulleringa av dei ulike treningane gjennom året.
Allsidig fysisk aktivitet i ung alder utviklar barna fysisk, psykisk og sosialt som dei tek med seg seinare i livet. Det gjev vidare eit grunnlag for eit aktivt liv med god helse i framtida.
Pris yngste gruppe 250 kr per sesong.
Eldste gruppe 450 kr per sesong.
Kontaktperson Eigil Garfors Instebø 994 88 373
De finn årshjul for Barneidretten og Idrettskulen 2020/2021 her.
Årshjulet for barneidrett (0-6 år) og idrettskulen (7-12 år) byr på allsidig trening – Velkomen til kjekk trening! Årshjul Barneidrett og Idrettsskulen Tambar 2019-2020
Årshjulet for Barneidretten og Idrettsskulen er her! Barneidretten_aarshjul2018_19 Velkomen på kjekk trening!
Åsmund Berhelsen er tildelt Friluftslivets Ildsjelpris for sitt dugnadsarbeid innan friluftsliv og idrett gjennom mange år. Les meir her! Tambarskjelvar gratulerer med velfortent pris!
Eit tilbod til born og unge i vinterferien (19.-23.2.! Ei god blanding av organiserte og frie aktivitetar, på ski og utan ski, i skogen og opp på toppen, mat, skiskyting, hundekøyring mm Ver med ein, to eller alle dagane! Påmelding innan 1. februar til: Åsmund Berthelsen – 93237073 eller asmund.berthelsen@icloud.com Oppgje alder og dagar de…
For ellevte gong vert det skiskule i Instedalen Skianlegg! Åsmunds skiskule startar måndag 8. januar og held fram kvar måndag til midt i mars. I år vert det to grupper heilt frå kl. 18.00, ei for dei frå 3-4 år og oppover til 6-7 år, og ei for dei frå 8-9 år og oppover. Ungane…
Det vert mørke (natt)orientering komande torsdag den 2. november kl. 18.00 ved Kletten i Naustdal! Det vert i år løyper for både ungar og vaksne – og både korte og lange – og lette og vanskelege! Arrangementet er eit samarbeid melomm barneidretten/idrettsskulen, Barnas Turlag og ski- og orienteringsgruppa i Tambarskjelvar. Vi fyrer opp bålpanne og…