Merkevara TIL

Merkevara TIL. Logo.

Hermod, den raske, var son til  Odin og Frigg. Han var sendebod og mest kjend for at han fór til Hel for å hente Balder attende til Åsgard. Om karane som kalla idrettslaget for Hermod i 1905 hadde norrøn mytologi i tankane, veit ein ikkje, men det er ikkje usannsynleg. Ein idrettsutøvar kan vere både rask og kan vere god som sendebod.

Vi veit ikkje kvifor dei skifta namn då dei tok opp att lagsdrifta i 1914. At det nye namnet vart Tambarskjelvar, kan enkelt forklarast med at det var namnet på skyttarlaget som var nedlagt nokre år tidlegare.  For eit skyttarlag var det eit logisk namn, med direkte samband til den kjende bogeskyttaren Einar Tambarskjelvar som levde frå 982 til 1050 og var ein av Olav Tryggvason sine menn i Trøndelag. Etter det vi veit var aldri Einar Tambarskjelvar i Naustdal.

Den skjelvande bogestrengen

Ordet tambar kjem av det norrøne tomb, som tyder bogestreng. Så idrettslaget iNaustdal er «den skjelvande bogestrengen». Ordet tambar er ikkje mykje nytta, om vi søkjer på internett. Men det er eit lite oljefelt lengst sør i Nordsjøen som heiter Tambar. For eit idrettslag er ikkje namnet like naturleg som for eit skyttarlag, men namnet har laget hatt i snart 100 år. Alle forsøk på å endre det har vore mislukka. Naustdal Idrettslag har eksistert, både før og etter andre verdskrig, men Tambarskjelvar overlevde.

Det mest vanlege er at idrettslaga heiter etter kommunen eller området det femnar. Eller det heiter etter ein kjend person frå staden eller eit eller anna som særmerkjer kommunen. Kvifor er det ikkje slik i Naustdal? Kvifor har ein halde på eit så spesielt namn som Tambarskjelvar, etter ein person som ikkje har noko med kommunen å gjere?

I 1919 vart det skipa eit Naustdal Idrettslag. Vi har ikkje funne mykje om laget, men det femna om området kring sentrum, litt ut over fjorden og litt inn i dalen. Tambarskjelvar heldt til inst inne. Etter det vi har greidd å finne ut, slutta Naustdal Idrettslag med aktiviteten i 1935, men det vart ikkje formelt nedlagt. Rett etter krigen prøvde ein å få det i gang att. Men då starta også arbeidet med å samle heile kommunen til eitt «idrettsrike». Det var berre Tambarskjelvar som eksisterte. Og det var på eit årsmøte i Tambarskjelvar at idrettslaget for heile kommunen vart skipa. Etter det vi veit skjedde det på Horstad skule i 1948.

Mange diskusjonar om namnebyte

Både før, på og etter møtet var det mykje diskusjon om byte av namn. Dalingane ville halde på Tambarskjelvar. Det var dei som var det aktive og oppegåande laget. Bygdarane ville ha  ommunenamnet inn. Dei meinte at ein ikkje kunne kalla eit idrettslag for  vombaskjelve». Her var det fleirtal for å kalle laget Naustedalen Idrottslag, etter at Tambarskjelvar- namnet var nedrøysta i fyrste omgang, med ni mot elleve røyster. I andre røysteomgang fekk Naustdal Idrottslag ni røyster og Naustedalen elleve. Men det vart ikkje slik.

Namnet på laget er ein del av lagslovene

Og for å endre dei krevst det kvalifisert fleirtal, det vil seie at to tredelar av dei frammøtte må røyste for ei endring. Dette var redninga for Tambarskjelvar-namnet ved inngangen til 1950-åra. Kjeldene tyder på at det har vore mykje  diskusjon om dette. Dåverande leiar i Tambarskjelvar, Kåre Eimhjellen, tok spørsmålet opp med Sogn og Fjordane Idrottskrets alt i 1948. Han ynskte å få avklara to forhold: 1. «Kan vi kalle oppatt etter eit lag som ikkje har klart å svare sine forpliktelsar utan at det vert ulemper for oss?» 2. Han viste også til at Tambarskjelvar hadde aksjar i  vandrepokalar. «Går då desse aktiane over til det nye namnet, eller må vi take til forfraa igjen?» Formannen i Sogn og Fjordane Idrettskrets, Gunnar Halvorsen, tilrådde å halde fram med Tambarskjelvar. Det ville vere naturleg, då Naustdal Idrettslag hadde gått inn. Halvorsen trudde ikkje ei eventuell samanslåing kunne skje før alle forpliktelsar var oppfylte.

Søkte om «Naustedalen Idrottslag»

Den nye leiaren i Tambarskjelvar, Henrik Bruflot, søkjer Norges Idrettsforbund om lov til å bruke det nye namnet, Naustedalen Idrottslag. Men i brevet viser han til at «enkelte lagsfolk hevdar at det krevst 2/3 fleirtal i dette høvet.» Difor ber han både om hjelp og merknader for å få ei endeleg avgjerd på  namnespørsmålet. Han får svar om at namneendring er ei lovsak og at det krevst kvalifisert fleirtal. Kor stort fleirtal som krevst, står i laget sine lover. Henrik Bruflot sender inn lovene og ber på nytt om å få nytte namnet Naustedalen Idrottslag. Vi har ikkje funne svar på dette brevet. Men då namnet framleis vart Tambarskjelvar, må vi gå ut frå at lagslovene kravde kvalifisert fleirtal. I dei over femti år  sidan dette skjedde har fleire lufta spørsmålet om å skifte namn. Men det har etter det vi har funne ikkje vorte teke opp som sak eller vorte formelt drøfta. Ein av grunnane kan ha vore at Tambarskjelvar rett og slett vart ei merkevare.

Sigrane i Breimstafetten utover på 1950-talet gjorde Tambar-gutane kjende i heile Sogn og Fjordane. Dei vart idrettskjendisar. Det vart knytt noko svært positivt til Tambarskjelvar-namnet. Seinare har både skifolk og friidrettsfolk gjort namnet endå meir kjent. Og ikkje minst vektlyftarane og volleyballjentene dei siste 20 åra. Gode merkevarer byter ein ikkje ut. Også i 2007 er Tambarskjelvar eit namn som er godt kjent. Det skil seg ut. Og det er litt meir spenst og styrke i TAMBARSKJELVAR  enn i NAUSTDAL!