29. august 2017
Orientering natt og dag – 22. og 23. september!

14 dagar etter valet inviterer Ski- og o-gruppa i Tambarskjelvar til orienteringshelg! Det startar med nattorientering i Instedalen skianlegg på fredagskvelden og held fram med den tradisjonelle haustbløyta dagen etter med start på vegen mot Horstad-stølen! Det er ope for alle å delta og prøve seg på orientering! Håpar at det er mange naustedølingar som…

15. august 2017
Årshjul 2017/2018 – Barneidrett og idrettsskule

Idrettskulen startar opp 21. august med treningar for 7 til 10 åringar, mandagar kl 17-18 og torsdagar kl. 18-19. Bli med og du får prøve 10 ulike idrettar i løpet av sesongen. Eit unikt tilbod for å fremje allsidigheit, idrettsglede og folkehelse i Naustdal kommune. I starten vert det ein del fotball, sykkel og orientering/allidrett….

4. august 2017
Masse orientering på onsdag den 9. august – Instedalen Skianlegg

Masse orientering onsdag den 9. august kl. 18.00 i Instedalen Skianlegg Nær-o-løp med løyper for alle (nybyrjarar og erfarne) Stolpejakt – med kart og mobil. Tur-orientering   Ski- og o-gruppa i Tambarskjelvar  

2. august 2017
Nytt tilbod: Stolpejakt med kart og mobil!

For fyrste gong er det STOLPEJAKT i Naustdal. Ski- og orienteringsgruppa i Tambarskjelvar har plassert ut 20 stolpar i byggefeltet/Grimsetmarka og 20 stolpar ved Instedalen Skianlegg. Desse kan du finne ved hjelp av karta under som du finn lengre ned på sida eller du kan laste  ned appen Stolpejakten  og registrere deg. Leit deg fram til Naustdal…