Det er klart for Instiaden 2017 med skileik, konkuransar og skifest! Frå kl. 10.00 no sundag, den 5. mars!
Allidrett
Barneidrett / Idrettskulen:
Vi legg til rette for allsidig og variert aktivitet / trening for born i alderen 2-10år. Treningane blir delt inn etter alder, så ungane er i lag med dei same som går i barnehagen / i klassen på skulen. Her får barna lære kvarandre å kjenne på ein annan arena, i ein kjekk, trygg og sosial setting.
Dei yngste borna (2år-1.klasse) har ei trening i veka (torsdagar kl. 17-18), der foreldre / føresette er med barna sine og skapar eit trygt miljø. Treningane er inne i Naustdalshallen og strekker seg over vinterhalvåret frå etter haustferie til ca. påske.
Eldste gruppe (2.-6.klasse) har to treningar i veka (måndagar kl. 17-18 (ski etter nyttår startar kl. 18), og torsdagar kl. 18-19). Her er ein innom mange ulike idrettar gjennom skuleåret. Ungane får prøve seg i idrettar som fotball, handball, volleyball, basketball, friidrett, turn, ski, sykkel, orientering, vektløfting, judo og rugby. Treningane følger skuleåret med utandørsaktivitet før haustferie og etter påske, samt ski utandørs måndagar etter nyttår. Dei andre treningane føregår inne i Naustdalshallen frå etter haustferien.
Det er utarbeida eit eige årshjul der ein ser rulleringa av dei ulike treningane gjennom året.
Allsidig fysisk aktivitet i ung alder utviklar barna fysisk, psykisk og sosialt som dei tek med seg seinare i livet. Det gjev vidare eit grunnlag for eit aktivt liv med god helse i framtida.
Pris yngste gruppe 250 kr per sesong.
Eldste gruppe 450 kr per sesong.
Kontaktperson Eigil Garfors Instebø 994 88 373
I vinter vert skiskulen i to grupper: For dei frå om lag fire år og oppover til 7-8 år frå kl. 18.00 For dei frå 7-8 år og oppover vert det skiskule frå kl. 18.45. Men alle kan kome før og vere så lenge dei vil! Fellesaktivitetar, rettleiing og leik! Vi planlegg å starte måndag…
Min Idrett Alle medlemmar i Tambarskjelvar ligg inne i vår elektroniske database. Alle medlemmar bør personleg nytte seg av Min Idrett, som du finn her: https://minidrett.nif.no/ Her registrer du deg med ny brukar (velg søk i eksisterande medlemmer). Fra Min idrett kan du: Endre din personlige informasjon (eks. adresseendringer hvis du flytter)Se hvilke funksjoner og…
Hei alle. Sprei det glade bodskap til alle som bidrar i frivillig arbeid for å skape gode og trygge rammer i nettopp ditt nærmiljø. J J Påmelding i link under. Det er snart duka for ny Opptur – i år tysdag 15. november, kl.1800 – 2100 også i år i Florø. (samfunnshuset) Målet med arrangementet…
Krav om politiattest i Tambarskjelvar idrettslag Styret i Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF) vedtok med verknad frå 01.01.2009 at heile norsk idrett skal krevje politiattest for alle som skal utføre oppgåver som inneber eit tillits- eller ansvarsforhold ovanfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming. I Tambarskjelvar idrettslag blir ordninga handtert på følgjande…
Her finn du årshjulet for barneidretten: aarshjul2016_17_skjerm
Tambarskjelvar IL inviterer til barneidrett torsdagar kl. 17-18 i Naustdalshallen, for gruppene 2-3 år, 4-5 år og 1. klasse. Første dagen vert det frileik, der foreldre og barn kan nytte utstyret i hallen. Seinare vert det meir organisert trenging med fokus på leik og moro.
No har det vore skiskule/skileik i Instedalen kvar måndag sidan 5. januar, og det har vore tåleg bra ver og forhold kvar gong! På måndag som kjem (den 16.3.) er det meldt strålande ver! Då avsluttar vi den organiserte skileiken for denne sesongen. Vi lagar bål, og de kan grille pølser eller anna om de…
Judo fekk volleyball sine øvingar i mars og difor vert det volleyball 9 og 16 april.
- 1
- 2