Idrettskulen startar opp 21. august med treningar for 7 til 10 åringar, mandagar kl 17-18 og torsdagar kl. 18-19. Bli med og du får prøve 10 ulike idrettar i løpet av sesongen. Eit unikt tilbod for å fremje allsidigheit, idrettsglede og folkehelse i Naustdal kommune.
I starten vert det ein del fotball, sykkel og orientering/allidrett. Deretter, friidrett, judo, vektløfting, volleyball, handball og ski. Møt opp og meld deg på! Etter haustferien startar også barneidretten for 2 til 6 åringar med treningar på torsdagar kl 17 til 18 i Naustdalshallen.