I vinter vert skiskulen i to grupper:
- For dei frå om lag fire år og oppover til 7-8 år frå kl. 18.00
- For dei frå 7-8 år og oppover vert det skiskule frå kl. 18.45.
Men alle kan kome før og vere så lenge dei vil!
Fellesaktivitetar, rettleiing og leik!
Vi planlegg å starte måndag den 2. januar kl. 18.00 (eller så snart det er snø!)
Skiskulen er kvar måndag i januar, februar og det meste av mars! Skiskulen er i samarbeid med barneidretten i Tambarskjelvar.
Pris for dei som ikkje er med der er 300 kr med 50 kr i søskenrabatt.
Påmelding for alle til Åsmund Berthelsen – 93237073 eller asmund.berthelsen@icloud.com innan torsdag 29.desember.
Også mogleg å kome med utover vinteren!
Beste helsing
Åsmund
Meir om Instedalen skianlegg og skiskulen på: www.instedalen.no eller på facebook