Åsmund Berthelsen vart heidra som Æresmedlem i Tambarskjelvar IL på kveldens årsmøte. Heideren får han i kraft av å vere eldsjel og dugnadssjel i Tambarskjelvar.

Åsmund gjorde ein stor innsats for at Naustdalshallen skulle etablerast, har vore medforfattar av boka Soga om Tambarskjelvar, og har elles eit langt engasjement i idrettslaget både i styret, som tilretteleggar av anlegg og som trenar.

Åsmund, du held på og du held ut! Åsmund er uthaldande og arbeider taktfast for å få til det han har tenkt. Instedalen skianlegg er eit framifrå døme på det, der han saman med Instedalen krins ha fått til ein framifrå ski- og leikeanlegg. Ein av grunnane til at Åsmund får dette til er at han er flink til å skrive søknader og skaffe midlar.

Åsmund sin innsats for barn og unge i bygda, både innafor og utanfor Tambarskjelvar IL, er formidabel og vert sett stor pris på.

Vel fortent!