Din Sport har vore Tambarskjelvar IL sin samarbeidspartnar over mange år. I samband med overgang til nytt samarbeid med Chatlet Sport1 Førde har vi fått ei hyggeleg helsing frå Din Sport v/Arne Mo.

Tambarskjelvar IL takkar Din Sport for godt samarbeid over mange år. Lykke til med ny satsning i nye lokaler.

Til vår mangeårige samarbeidspartnar  - Tambarskjelvar IL 
  
Fysisk leik og idrett har vore ein del av livet frå so lenge eg kan hugse. Det har vore med lyst og glede, iver og fryd – alltid eit ynskje om å konkurrere og prestere både i alpint, løp og volleyball, men i særskilt fotball – på amatørnivå, sjølvsagt. Ein var med på opp og nedturar, alltid driven av konkurranseinstinkt, lyst og lengsel etter fysisk aktivitet.
  
Dette var eit grunnleggande bakteppe og medvirkande til mitt inntog i sportsbransjen i 1983 og oppstart av Din Sport i 1987. Vi drog med oss kjennskap og venskap i idretten som målberarar og brukte eigen erfaring og forståing av idretten i tillegg til kunnskap om butikkdrift, som kom etterkvart ( amatør der og ) .
  
I dag, snart 34 år etter etableringa, ser vi at butikken dreiar seg meir mot friluft, ski, sykkel, fjell og den slags, der kundane er meir individualistar enn før.
Det var difor naturleg for oss å tenkje seg å frigjere seg frå bindande avtalar mot idrett, lag og organisasjonar.
  
Vi har hatt eit nesten livslangt forhold med TIL, og det var difor litt vemodig å ikkje forlenge det formelle samarbeidet. 
Eg personleg, men og dei andre i butikken, har lært å kjenne mange kjekke folk i TIL, formenn\kvinner, styremedlemar, leiarar, aktive, foreldre, slekt og vener, nesten heile Naustdal.
  
 Tusen takk for eit supert samarbeid i alle desse åra!
 Vi håpar og ynskjer å sjå dokke i butikken framover, og hjarteleg velkomen i våre nye lokale utpå vårparten ein gong!
 Lukke til vidare og God Jul og Godt Nyttår til alle saman!
  
 Helsing
 Din Sport v/Arne Mo