For å gå på stolpejakt kan du bruke appen Stolpejakten på mobilen, eller du kan trykke ut omtala og karta du finn under. Her er kart med innteikna postar og postbeskrivelsar. Du finn app og meir om stolpejakt på denne adressa https://stolpejakten.no

I år er det 50 stolpar å leite etter i Naustdal. Over 130 personar har no prøvd seg og funne frå ein til 50. Stolpejakt er det fleire stader i landet. Så når du er på reise kan du leite deg fram til ein stad der dei har stolpejakt. Skrivaren har sjølv funne stolpar både i Oslo og Odda. 

Heile brosjyra 2019