Frå ein av tur-o-postane i Helgåsmarka, med utstyn mot Førde, fjorden og fjella!

Orienteringsgruppa har to tilbod til dei som vil gå tur og lære meir om å bruke kart og kompass! Dei fyrste tur-o-postane er alt ute, i Kletten-området og i Nesmarka inst i Naustedalen. 10 postar i kvart av områda. Du finn karta på turorientering.no/tambarskjelvar. Du kan også tinge kart på papir frå 93237073. Kart for kvart område kostar 50 kr. Det kjem postar i fleire område etter kvart.

Stolpejakta startar sundag 26.mai i samband med Finn Fram Dagen o-gruppa har saman med Barnas Turlag. Dagen vert i området ved vegen til Kletten i Helgåsmarka. Les meir om Stolpejakta på stolpejakten.no. I tillegg til Helgåsmarka vert det stolpar kring dagsturhytta ved Steinkorsen, i sentrum på austsida av Nausta og i Vevring. For å finne stolpane fann du laste ned karta på ein app på mobilen. Der kan du også registrere besøka dine.

Her er ein av stolpane plassert, høgt og fritt over Førdefjorden. Hit kan ein kome med å gå ned frå vegen til Kletten eller ta seg opp frå riksvegen (er utkøyring med plass for bil) på ein passe bratt og god sti!