Den fyrste snøen har kome – og vi håpar at det kjem endå meir slik at vi kan få laga til løyper og meir så snart som mogleg. Som tidlegare vil vi lage løyper og preparere i skileikanlegget slik at det kan nyttast kvar ettermiddag og kveld gjennom heile veka og både laurdag og sundag. Veg, parkeringsplass og løype til Vonavatnet vil vi brøyte og preparere til kvar helg, fredag ettermiddag/kveld eller tidleg laurdag. Alt dette gjer vi om det er ver og føre til det. Informasjon om ver, føre og løypeforhold legg vi ut på facebook så fort vi har noko nytt å melde om.

Prisane for parkering i 2019 er 600 kr for heile året for både skianlegget og Vonavegen. For ein dag eller eit døgn kostar det 60 kr på kvar av plassane.
Betal med vipps til 11205
Betal med bank til konto 3705.25.36902

Ta kontakt om det er noko – 93237073

Beste helsing

Åsmund Berthelsen