Frå no og framover til starten av november er det lagt opp til mange orienteringsaktivitetar i Naustdal. Tur-orienteringa er alt på plass. Og snart er også klart for jakta på stolpar. Det er orientering på idrettsskulen/barneidretten dei fire neste torsdagane og Finn Fram -dag no sundag, den 27.5. Gruppa vil i år også prøve å få til ein kombinert friluftsliv- og orienteringsleir med overnatting ute, om det melder seg nok deltakarar, den 13.og 14.august. Dei som er med på åtte av dei 17 ulike aktivitetane vert premiderte. Sesongen vert avslutta med den tradisjonelle natt-orienteringa som er i samarbeid med Barnas Turlag. Her er heile lista over aktivitetar:

Plan aktivitet 2018