Orienteringsgruppa i  i samarbeid med Barnas Turlag Naustdal

Søndag 21.mai: «Finn-fram»-dag i Instedalen Skianlegg

Tid: kl 11.00 – 14.00. Kom når det passar!
Turleiar: Åsmund Berthelsen – 93237073

Dette er ein friluftsdag med fokus på å meistre friluftsliv og oppleve gleda med å vere ute i naturen. På FINN FRAM- dagen kan du lære å bruke kart og kompass og vere med på andre friluftsaktivietar.

Dagen passar både for ungar og vaksne – og særleg for barnefamiliar som vil oppleve noko saman.

Det vil bli natursti, litt opplæring i å bruke kart og kompass og høve til å prøve seg på å finne fram!

De vil også få vite meir om dei ulike tilboda på orientering i Naustdal – tur-orientering, stolpejakt og o-karusell!