Nattløp i Instedalen og Haustbløyta på Horstadstølen

Tambarskjelvar inviterer alle o-løparar til sesongens avslutningsløp.

Laurdagskvelden er det nattløp med start og mål i Instedalen skileikanlegg kl. 20.00. Løypene er frå 1,8 til 5 km. Kartet som vert nytta har målestokk 1:7500. Terrenget er glissen furuskog med einskilde område med granskog.

Sundag går den tradisjonelle Haustbløyta med samlingsplass på Horstadstølen med start kl. 11.00. Her det løyper frå 1,5 til 11 km og både for nybyrjarar og røynde o-løparar For A-klassane vert turkart for Naustdal nytta med målestokk 1:25000. For N- og C-nivå nyttar ein utskrift av kommunalt digitalt kart i målestokk 1:5000 og 1:7500.

Etterpåmelding innen ein time før start til 95232094.

For dei som ikkje er kjende er det båe dagar merka frå Naustdalstunnelen på Naustdalssida.

Norvalt Ospehaug har lagt løypene medan Jan Herstad har kontrollert. Åsmund Berthelsen er løpsleiar.

Den planlagde ungdomssamlinga i Naustdal er på grunn av kollisjon med andre arrangement utsett til ei helg seinare.