Vedtekter Tambarskjelvar Idrettslag

Etter våre aktive barn og unge er Vedtektene sjølve bjærebjelken i idrettslaget. Vi nyttar Norges Idrettsforbund sine Lovnormer og under kan du lese dei som er gjeldande og sist oppdaterte. 
 
Les meir utfyllande om Norges idrettsforbund si Lovnorm HER!

LOVNORM FOR IDRETTSLAG
Vedteken av Idrettsstyret 131223 med ikraftsetjing 010124.

 

LOV FOR TAMBARSKJELVAR IDRETTSLAG
Stifta 31.12.1905
Sist endra 17.04.2024.

 

§1  Formål
Formålet til idrettslaget er å drive idrett organisert i Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF). Arbeidet skal vere prega av frivillig innsats, demokrati, lojalitet og likeverd. All idrettsleg aktivitet skal byggje på dei verdiar som er vedteke av Idrettstinget.

§2 Organisasjon
(1) Idrettslaget er sjølveigande og frittståande med berre personlege medlemmer

(2) Tambarskjelvar er medlem i desse særforbunda: Norges Skiforbund, Norges Orienteringsforbund,
Norges Volleyballforbund,NorgesFriidrettsforbund,NorgesVektløftarforbund,NorskStyrkeløftforbund, Norges Handicapidrettsforbund, Norges Gang- og turmarsjforbund, Norges Triatlonforbund og Norges sykkelforbund.

For reglar om plikta idrettslaget har til å vere medlem av eit særforbund gjeld NIFs lov § 10-1 (4).

(3) Idrettslaget er medlem av NIF og dermed Vestland idrettskrins og Sunnfjord idrettsråd.

(4) For reglar om representasjonsrett gjeld NIFs lov § 10-3 (1).

(5) For reglar om plikta idrettslaget har til å halde regelverket og vedtaka til overordna organisasjonsledd gjeld NIFs lov §§ 2-2 og 2-3.

 

§3 Medlemmer
(1) For reglar om opptak av medlemmer, utmelding, fråtaking av medlemskap m.m. gjeld NIFs lov §§ 10-4 og 10-6.

(2) For plikta idrettslaget har til å registrere opplysningar i medlems- og organisasjonsregisteret til idretten gjeld forskrift om medlems- og organisasjonsregisteret til idretten, jf. NIFs lov § 10-5.

§4 Kjønnsfordeling
For reglar om kjønnsfordeling i styre, utval m.m. og ved representasjon til årsmøte/ting i overordna organisasjonsledd gjeld NIFs lov § 2-4. For idrettslag med omsetnad og medlemstal under terskel fastsett av Idrettsstyret er det tilstrekkeleg at begge kjønn er representerte i styrer, utval m.m. og ved representasjon til årsmøte/ting i overordna organisasjonsledd.

§5 Generelle reglar om stemmerett, kvalifisering til val, forslagsrett m.m.
For reglar om stemmerett, kvalifisering til val og forslagsrett gjeld NIFs lov §§ 2-5, 2-6 og 2-7.

§6 Inhabilitet
For reglar om inhabilitet gjeld NIFs lov § 2-8.

§7 Vedtaksførleik, fleirtalskrav og protokoll
For reglar om vedtaksførleik, fleirtalskrav og protokoll gjeld NIFs lov § 2-9.

§8 Refusjon av utgifter og godtgjering
For reglar om refusjon av utgifter og godtgjering gjeld NIFs lov § 2-10.

§9 Regnskap og revisjon m.m.
For reglar om rekneskap og revisjon m.m. gjeld NIFs lov §§ 1-7, 2-11, 2-13 og 2-14. For idrettslag med omsetnad og medlemstal under terskel fastsett av Idrettsstyret gjeld ikkje kravet om underslagsforsikring.

§10 Årsmøtet og årsmøtevalde organ
(1) Årsmøtet er det høgaste styringsorganet i idrettslaget, og det blir halde kvart år innan utgangen av mars månad.

(2) Ordinært og ekstraordinært årsmøte blir gjennomført i samsvar med denne lova og NIFs lov §§ 2-15, 2-16, 2-17, 2-19, 2-20.

(3) Oppgåvene til årsmøtet:

  1. godkjenne dei som har stemmerett
  2. velje dirigent(ar)
  3. velje protokollførar(ar)
  4. velje to medlemmer til å skrive under protokollen
  5. godkjenne forretningsordenen
  6. godkjenne innkallinga
  7. godkjenne saklista
  8. behandle årsmeldinga frå idrettslaget
  9. behandle
    a. rekneskapen til idrettslaget
    b. den økonomiske meldinga frå styret
    c. eventuell melding frå kontollutvalet
    d. eventuell melding frå engasjert revisor
  10. behandle andre saker som kjem fram av godkjend sakliste
  11. fastsetje

    a. medlemskontingent på minst kr 50

    b. eventuell treningsavgift, eller gi styret fullmakt til å fastsetje treningsavgifter

  12. vedta budsjettet til idrettslaget
  13. behandle organisasjonsplanen til idrettslaget
  14. Dersom idrettslaget har omsetnad og medlemstal over terskel fastsett av
    Idrettsstyret, velje:

    a. styre med leiar, nestleiar og [tal, minst éin] styremedlem(mer) og [tal]
    varamedlem(mer)

    b. kontrollutval med leiar og [tal ,minst éin] medlem(mer) [og [tal]
    varamedlem(mer)]

    c. representantar til ting og møte i dei organisasjonsledda der idrettslaget har
    representasjonsrett, eller gi styret fullmakt til å utnemne representantane

    d. valkomité med leiar, og [tal, minst éin] medlem(mer) og [tal, minst éin]
    varamedlem(mer)

    e. eventuelt andre val i samsvar med organisasjonsplanen til idrettslaget

    Dersom idrettslaget har omsetnad og medlemstal under terskel fastsett av Idrettsstyret, velje:

    a. styre med leiar, nestleiar og [tal, minst éin] styremedlem(mer) [og eventuelt [tal] varamedlem(mer)

    b. representantar til ting og møte i dei organisasjonsledda der idrettslaget har representasjonsrett, eller gi styret fullmakt til å utnemne representantane

    c. eventuelt andre val i samsvar med organisasjonsplanen til idrettslaget

  15. Eventuelt avgjere om det skal engasjerast revisor til å revidere rekneskapen til idrettslaget 

    Leiarar og nestleiarar skal veljast enkeltvis. Dei andre medlemmene skal veljast samla. Deretter skal varamedlemmene veljast samla. Der det blir valt fleire varamedlemmer, skal det veljast 1. varamedlem, 2. varamedlem osv.

    For reglar om stemmegivinga på årsmøtet gjeld NIFs lov § 2-21.

(4) [For reglar om kontrollutvalet gjeld NIFs lov § 2-12. [Kontrollutvalet arbeider i samsvar
med eigen instruks som er vedteken av årsmøtet.]

(5) [For reglar om valkomiteen gjeld NIFs lov § 2-18. [Valkomiteen arbeider i samsvar med eigen instruks som er vedteken av årsmøtet.]

§11 Styret i idrettslaget

(1) Idrettslaget blir leidd og forplikta av styret, som representerer idrettslaget eksternt.

(2) Styret er den høgaste styresmakta til idrettslaget mellom årsmøta, men visse avgjerder
kan berre vedtakast av årsmøtet i samsvar med § 10 (3) og NIFs lov § 2-22.

(3) Forvaltninga av, og tilsynet med, alle delar av idrettslagsverksemda høyrer under styret. Styret skal sørgje for

– at formålet med idrettslaget blir oppfylt

– at idrettslagsverksemda og økonomistyringa er forsvarleg organisert

– at avgjerder vert tekne i samsvar med regelverket og vedtaket til overordna organisasjonsledd, lova til idrettslaget og årsmøtevedtaket

– at det blir registrert opplysningar i samsvar med § 3 (2)

– at det blir utnemnt ein ansvarleg for politiattestordninga, dersom idrettslaget
organiserer idrett for mindreårige eller personar med utviklingshemming

– at det blir utnemnt ein ansvarleg for barneidretten, dersom idrettslaget organiserer
barneidrett

(4) Styret kan utnemne komitear/utval for handtering av kontinuerlege eller enkeltståande oppgåver, og utarbeide mandat/instruks for dei.

(5) Styret skal oppnemne representantar til årsmøte/ting i overordna organisasjonsledd dersom årsmøtet ikkje har valt representantar.

(6) Styret skal halde møte når leiaren bestemmer det, eller når minst to av styremedlemmene krev det.

§12 Grupper

(1) Årsmøtet i idrettslaget kan vedta å opprette og leggje ned grupper, og korleis dei skal organiserast og leiast, eventuelt delegere dette til styret.

(2) Dersom årsmøtet i idrettslaget ved behandlinga av organisasjonsplanen har vedteke å opprette grupper med gruppestyre, gjeld følgjande for idrettslag med omsetnad og medlemstal over terskel fastsett av Idrettsstyret:

a) Kvar gruppe skal ha eit gruppestyre på minst tre medlemmer. Gruppestyret blir valt på årsmøtet eller blir utnemnt av styret etter fullmakt frå årsmøtet.

b) Gruppa bør ha minst eitt årleg møte der gruppa diskuterer økonomien i gruppa og aktiviteten i gruppa, foreslår kandidatar til gruppestyret og dessutan gir eventuelle innspel til saker som blir behandla av styret eller årsmøtet.

c) Gruppestyret konstituerer seg sjølv, med mindre noko anna er vedteke av årsmøtet eller av styret etter fullmakt frå årsmøtet.

d) Gruppestyret fastset ei eventuell årleg treningsavgift innanfor ramma av fullmakt som er gjeven av årsmøtet eller styret.

(3) Gruppestyret eller representantar for grupper kan ikkje inngå avtalar eller på annan måte forplikte idrettslaget utan fullmakt frå hovudstyret eller årsmøtet, og innanfor dei rammer som er fastsette av styret eller årsmøtet.

§13 Lovendring

For reglar om lovendring gjeld NIFs lov § 2-2.

§14 Oppløysing, utmelding m.m.

(1) Idrettslaget kan vedta oppløysing.

a. ved eit einstemmig vedtak om oppløysing på årsmøtet, eller

b. ved å vedta oppløysing med 2/3 fleirtal på to påfølgjande årsmøter, der det
etterfølgjande årsmøtet må haldast minimum tre månader og maksimum 6 månader
seinare.

Ein føresetnad for eit gyldig vedtak om oppløysing er at idrettslaget skriftleg varslar idrettskrinsen og særforbundet seinast 14 dagar før årsmøtet til idrettslaget behandlar forslag om oppløysing.

(2) Samanslutning med andre idrettslag blir ikkje rekna som oppløysing av idrettslaget. Vedtak om samanslutning eller utmelding frå særforbund, og nødvendige lovendringar i tilknyting til dette, må gjerast med 2/3 fleirtal av årsmøtet.

(3) For reglar om utmelding og tap av medlemskap i NIF gjeld NIFs lov § 10-2.