Vektløfting
Kvar dag samlar det seg ungdom i vektløftarhallen for å trene.
Vi har grupper for unge frå 12 år og oppover, i eitt godt og inkluderande treningsmiljø, her er det rom for alle.
Har du lyst å prøve vektløfting? Ta kontakt!
Vektløfting høver for deg som har lyst å trene styrke, koordinasjon, eksplosivitet og bevegelegheit. Det er ein kjekk, allsidig idrett som gjev gode kvalitetar og har ein veldig målbar framgong. Idretten er individuell, men vi dyrkar lagand og fellesskap i høgste grad. Vektøfting som idrett er ein flott arena å vere sosial i, både i og utanfor eigen klubb! Om du er jente eller gut, stor eller liten, lett eller tung, spelar inga rolle. I vektløfting konkurrerar ein i vektklassar, og der fins ein for einkvar.
Vektløftargruppa treng alle – så her er du hjarteleg velkommen.
Er du mosjonist? Det er mogleg å kjøpe treningskort å nytte seg av vektløftarhallen utanom vektløftargruppa sine faste treningstider.
Klikk på bilda for å forstørre
Treningstider
Måndag: 16.30-18.30 - Gunnar 18.30-20.00 - Odd Gunnar/Håvar
Tysdag: 16.30-18.00 - Odd Gunnar/Håvar 18.00-20.00 - Gunnar
Onsdag: 17.00-19.00 - Odd Gunnar/Håvar
Torsdag: 18.00-20.00 - Gunnar
Fredag: 17.00-19.00 - Odd Gunnar/Håvar
Laurdag: 11.00-13.00 - Odd Gunnar
Mosjonistar kan trene utanom tidene til vektløftargruppa.
Trenarar: Odd Gunnar Røyseth, Håvar Røyseth og Gunnar Reiakvam.
Lenker
VM 2025
wwc2025.noThe selected folder has no items.