Trimgruppa i Naustdal og Tambar BasisBall

Trimgruppa i Naustdal og Tambar BasisBall har 3 treningar i veka i Naustdalshallen. Dette er lågterskeltrening som høver alle, uansett alder og fasong. Trimgruppa tilbyr kondisjons- og styrketrening med kroppsvekt. Deltakarane er alt fra unge vaksne til pensjonistar. BasisBall er ei treningsform både kvinner og menn trivast med.

Ein trener kondisjon/styrke med ein ball, med to handtak, som veg mellom 6-12 kg. Begge grupper er flotte arenaer for å bli kjent med sambygdingar. Her møter du eit godt miljø, der praten går både før og etter trening. Gruppetrening gjer det også lettare å komme seg ut av huset. Vi i Trim- og BasisBall-gruppa vil gjerne ha fleire med oss. Alle er velkommen: Så kom som du er og ta ein prøvetime for å sjå om dette er noko for deg.

Klikk på bilda for å forstørre

Kontaktperson

Borgny Hatleset
Leiar
415 79 313borgnykv@hotmail.com
Marianne Buanes
Nestleiar
992 66 414

Treningstider

Måndagar kl. 20 - Kondis, styrke
Onsdagar kl. 20 - BasisBall = kondis + styrke
Torsdagar kl. 19 - Kondis, styrke, flyt

Lenker