Sykkel og triatlon

Tambarskjelvar sykkel og- triatlon er medlem av både sykkel- og triatlonforbundet.

Vi tilbyr trening for born frå 10 år og oppover. Triatlon er ein allsidig idrett, med variert trening. Vi er innom løping, sykling og symjing. I periodar har vi overgangsøkter, der ein trener alle disiplinane, men vi har mest fokus på sykkeltrening.

Nivået er ulikt, og treningane passar for alle. Dette er sosial trening, der ein trener saman med andre i eit godt miljø. Normalt har vi rolige sykkeløkter ute, med innslag av intervalltrening. Dette høver godt til å ta med ungane på, samtidig som vaksne kan trene sjølv. Det er ein sosial og kjekk måte å komme i form på. Vi vil gjerne ha fleire med, så kom gjerne og prøv.

Klikk på bilda for å forstørre

Kontaktperson

Steffen Stuhaug
Leiar
952 34 603steffen_stuhaug@hotmail.com

Treningstider

Spinning i vinter i kommunehuset: Tysdagar kl. 19:00 - 20:00
Sykling ute på sommar: Tysdagar kl 18:00 - 19:30/20:00

Lenker