Ski og orientering

Tambarskjelvar si Ski- og orienteringsgruppe har fokus på allsidig trening utandørs, som utviklar heile kroppen. Dette gir eit godt grunnlag for god helse og eit aktivt liv.

Om sommaren arrangerer vi tur-orientering, nær-O-løp og den populære aktiviteten stolpejakt: Det er orientering, når det passar for deg. Stolpejakt fører deg til plassar du kanskje ikkje hadde tenkt på, du får oppleve nye turmål og får kjekke opplevingar i den flotte naturen i Naustdal. Vi treng deg også, så bli med.

Instedalen Skianlegg

Ski- og orienteringsgruppa er med-arrangør av Vinterveke for born og Instiaden, og arrangerer karusellrenn i langrenn/skicross 8-10 gonger, i perioden januar-mars.

Bakkar/løype blir preparerte kvar ettermiddag/kveld så lenge det er snø og forhold for det i vinterhalvåret. Kvar måndag kl. 18, i perioden januar-mars, arrangerer vi også Åsmunds skiskule i samarbeid med barneidrettsgruppa, der born får vere ute og lære seg å gå på ski pả mange vis. Fokuset er på at det skal vere kjekt og givande. Målet er at borna skal bli glade i å vere ute på ski. Difor kallar vi det skileik. Du er hjarteleg velkommen til å bli med på moroa.

Klikk på bilda for å forstørre