Allidrett (Barneidrett og idrettskule)
På Allidrett utfaldar born i alderen 2-10 år seg i ulike aktivitetar i Naustdalshallen.
Treninga skjer i form av leik/aktivitet, med fokus på allsidig aktivitet, slik at dei får brukt kroppen på ulike vis. Det gir god kroppskontroll, tidlig innlæring av motoriske ferdigheiter og godt grunnlag for seinare idrett/aktivitetar. Allsidig aktivitet i ung alder legg til rette for god helse og skadeførebygging. Vi deler gruppene etter alder, så barna trener saman med kjente frå barnehage/ skule. Her får dei være sosiale i ein anna arena, i eit kjekt og godt miljø.
Om du trur dette er noko for ditt barn: Ta kontakt, eller møt opp på trening.
Allidretten treng alle, her er du hjarteleg velkommen!
Klikk på bilda for å forstørre
Treningstider
Barn 2-6 år(1. klasse): Trening torsdagar kl 17:00 - 18:00, frå etter haustferien til påske. Hallen delast i tre på årstrinn 2-3 år, 4-5 år og 1. klasse. 2-3 åringane er uorganisert leik medan 4-5 år og 1. klasse er organisert gjennom frivillige foreldre.
Barn 2.- til 5.klasse. Måndagar kl 17:00 - 18:00, og torsdagar kl 18:00 - 19:00.
Måndagar etter jul (sjå årshjul) vert trening i hallen bytta ut med skileik i Instedalen skianlegg
Lenker
The selected folder has no items.