Hallvakt

I alle år har dugnad stått sterkt i bygda, og gjennom eit trygt og godt idrettslag med mange engasjerte og ivrige trenarar og born ser vi dette fortsatt kvar einaste dag.
 
Ein kanskje for dei fleste litt «usynleg» gjeng er dei som kvar ettermiddag sit dugnad som hallvakter i hallen for at våre born og ungdommar skal få billegast og tryggast muleg innendørstreningar.
 
Vi som bur i Naustdal og nyttar hallen er heldige. Fleire av dei som sit hallvakter har sete i mange år, og kabalen har gått opp med god margin. Av ulike naturlege årsakar ser vi no at vi treng å fylle på med fleire som kan ta på seg denne oppgåva, og vi håpar at nettopp DU vil melde deg.
 
Til no har ein person hatt vakt ca ein gong på vårparten og ein på haustparten av året, og ei vakt varer ca 3-4 timar. Der er greie oversikter å følge, og eit rom å kose seg med kaffi i. Ein treng på ingen måte være sporty, berre ha nokre timar å avsjå i løpet av året til bygda og ungdommen. Perfekt for strikking, avkobling med seriar, nokre timar med arbeid på pcen eller rett og slett berre nytte tida å bli med på trening om det passar seg. Dette er ein fin måte å være sosial på, og møte kjekke folk!  
 
Kan du tenke deg å bidra? Ta kontakt!
 
Lenge leve dugnaden💪🤩
Kontakt styret