24. februar 2018
Tambarrennet er attende!

Etter 15-20 år er Tambarrennet attende! Laurdag den 24.2. vart det skipa til sonerenn i langrennscross i Instedalen Skianlegg. Atten stilte til start. Av dei 17 frå Naustdal og Tambarskjelvar og ein frå Førde. Og deltakarane var frå 6 til 65 år! God innsats og full fart i crossløypa med både skøyting, kular, dosering, baklengsport…

20. februar 2018
Bli med på langrennscross i Instedalen!

Bli med på langrennscross! Komande laurdag den 24. februar kl.13.00 er det sonerenn for Sunnfjord i langrennscross i Instedalen Skianlegg. Dei frå Naustdal som vil vere med på det må melde seg på direkte på Sogn og Fjordane skikrins si heimeside: https://www.skiforbundet.no/sogn-og-fjordane/nyhetsarkiv/2018/2/tambarrennet-2018/ Eller direkte til Åsmund Berthelsen – 93237073 elller asmund.berthelsen@icloud.com – innan fredag 22.februar!…

16. februar 2018
Årsmøte

Tambarskjelvar IL held årsmøte på Dalen Næringsenter fredag 16. mars. kl. 18.30. Saker til behandling må vere styret i hende innan 1. mars.

9. februar 2018
Tambarrennet 2018 med langrennscross

  Det er mange år sidan siste Tambarrennet! No er det attende. Denne gongen som sonerenn for Sunnfjord med langrennscross i fristil. Laurdag den 24. februar. Fyrste start kl. 13.00 Innbyding langrennscross 24.2.18

22. januar 2018
Aktivitetstilbod i vinterferien!

Eit tilbod til born og unge i vinterferien (19.-23.2.! Ei god blanding av organiserte og frie aktivitetar, på ski og utan ski, i skogen og opp på toppen, mat, skiskyting, hundekøyring mm Ver med ein, to eller alle dagane! Påmelding innan 1. februar til: Åsmund Berthelsen – 93237073 eller asmund.berthelsen@icloud.com Oppgje alder og dagar de…

10. desember 2017
Skiskulen startar måndag 8.januar!

For ellevte gong vert det skiskule i Instedalen Skianlegg! Åsmunds skiskule startar måndag 8. januar og held fram kvar måndag til midt i mars. I år vert det to grupper heilt frå kl. 18.00, ei for dei frå 3-4 år og oppover til 6-7 år, og ei for dei frå 8-9 år og oppover.  Ungane…

4. desember 2017
Terminlista for skikarusellen 2018!

Også i vinter vert skikarusellen arrangert på søndagar, med påmelding frå 12.30 og start kl. 13.00. Fyrste rennet går søndag den 14.1.! Alle renna går i Instedalen skianlegg med veksling mellom klassisk, fristil  og langrennscross som er ei løype med både portar, hopp, trampelåm og langrenn. Laurdag 24.februar arrangerer Ski- og orienteringsgruppa sonerenn i langrennscross!…

4. desember 2017
Skisesongen er alt i gang!

Snøen kom tidleg, og det har allereie for godt skiføre i fleire dagar! Løyper og anlegg i Instedalen er preparert og kan nyttast. Vi legg opp til at løype og anlegg er preparert og ope til kvar ettermiddag/kveld gjennom heile veka og i helgane. Parkeringsplassen ved Vonavegen og løypa til Vonavatnet brøyter og preparerer vi…

29. oktober 2017
Mørke(nattorientering) torsdag 2.november kl.18.00!

Det vert mørke (natt)orientering komande torsdag den 2. november kl. 18.00 ved Kletten i Naustdal! Det vert i år løyper for både ungar og vaksne – og både korte og lange – og lette og vanskelege! Arrangementet er eit samarbeid melomm barneidretten/idrettsskulen, Barnas Turlag og ski- og orienteringsgruppa i Tambarskjelvar. Vi fyrer opp bålpanne og…