Trimgruppa

15. september 2016
Alle som jobbar med born og unge i Tambarskjelvar il skal framvise politiattest. Denne skal framvisast innan 15 oktober 2016.

  Krav om politiattest i Tambarskjelvar idrettslag Styret i Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF) vedtok med verknad frå 01.01.2009 at heile norsk idrett skal krevje politiattest for alle som skal utføre oppgåver som inneber eit tillits- eller ansvarsforhold ovanfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming. I Tambarskjelvar idrettslag blir ordninga handtert på følgjande…

5. september 2016
Oppstart og prisar 2016/2017

Anne Marit startar inne onsdag 07.09 kl. 20-21 med BasisBall RAW. Helgetimen vert i ballbingen laurdag 10.09 kl.17.00 Anne startar måndag 19.09. kl. 20-21 Eilin og Jannicke startar torsdag 22.09. kl. 20-21 Prisar: BasisBall 2 gonger i veka kr. 600,- (onsdag + helgetime) Måndag og torsdag kr. 600,- Alle tidlegare medlemmer vil i oktober få…

29. august 2016
Treningstilbod Trimgruppa

Grunna forsinka bygningsarbeid kan Trimgruppa diverre ikkje starte med timar i hallen 8. September som planlagt.? Vi kjem tilbake med informasjon så snart vi veit meir. Anne Marit køyrer to uteøkter med BasisBall i veka til hallen opnar. Følg med på Facebook – Tambar BasisBall – for tid og stad. Treningstilbodet for 2016/2017-sesongen vert slik:…

11. mai 2016
BasisBall Raw

 I dag flyttar Anne Marit BB timen ut og mot fjorden! Møt opp på kaia til Terje Gamlestøl kl 20. BasisBall Raw. Ta gjerne med eit lite sitteunderlag til å ha under rumpe/rygg.

11. mai 2016
Trimturar

Vi har registrert dalande interesse og lite oppmøte generelt på Trimgruppa sine trimturar. Spesielt ser vi svært lite oppmøte frå Trimgruppa sine eigne medlemmer. Ulike lag og organisasjonar organiserer trim- og fjellturar i kommunen, slik at liknande tilbod vil vere tilgjengeleg for interesserte. Styret går inn for at Trimgruppa ikkje organiserer trim-/fjellturar sommaren 2016. Skulle interessa igjen…

3. mai 2016
Endring treningsdag veke 19

Torsdagstreninga går ut i veke 18, sidan det er Kristi Himmelfartsdag. Førstkommande mandag blir det Eilin og Jannicke med puls og styrketrening.

3. mai 2016
BasisBall Raw onsdag 4. mai 2016

Tidspunkt for treninga i hallen er endra til kl. 18.00.

3. mai 2016
BasisBall RIT

«Utetimen» i veke 18 vert laurdag 7. mai kl 10.00. Vi møtest i ballbingen!

26. april 2016
BasisBall RIT

«Utetimen» i veke 17 vert laurdag 30. april kl 15.30. Vi møtest i ballbingen!

7. april 2016
Treningar går ut.

Treningar i hallen i perioden 7. april til 17.  april går ut. BasisBall treningar vert truleg ute. Anne Marit vil informere på Facebook. Vi startar opp att måndag 18. april med Anne og step-intervall.