Generelt

4. august 2017
Masse orientering på onsdag den 9. august – Instedalen Skianlegg

Masse orientering onsdag den 9. august kl. 18.00 i Instedalen Skianlegg Nær-o-løp med løyper for alle (nybyrjarar og erfarne) Stolpejakt – med kart og mobil. Tur-orientering   Ski- og o-gruppa i Tambarskjelvar  

2. august 2017
Nytt tilbod: Stolpejakt med kart og mobil!

For fyrste gong er det STOLPEJAKT i Naustdal. Ski- og orienteringsgruppa i Tambarskjelvar har plassert ut 20 stolpar i byggefeltet/Grimsetmarka og 20 stolpar ved Instedalen Skianlegg. Desse kan du finne ved hjelp av karta under som du finn lengre ned på sida eller du kan laste  ned appen Stolpejakten  og registrere deg. Leit deg fram til Naustdal…

21. mai 2017
Verdas o-dag Naustdal – onsdag 24. mai!

Vert 10.klassingane med på å sette ny ”verdsrekord”? Det er ikkje berre stort sykkelritt i Sunnfjord på onsdag den 24.mai! Også Verdas orienteringsdag vert markert, mellom anna i Naustdal. Der skal alle 10.klassingane på orientering  i Helgåsmarka heile dagen!  Her vert det parstafett, stjerneorientering og kartteiknstafett. Verdas o-dag vert markert i 75 land, og det…

16. mai 2017
Finn Fram Dag – søndag 21. mai!

Orienteringsgruppa i  i samarbeid med Barnas Turlag Naustdal Søndag 21.mai: «Finn-fram»-dag i Instedalen Skianlegg Tid: kl 11.00 – 14.00. Kom når det passar! Turleiar: Åsmund Berthelsen – 93237073 Dette er ein friluftsdag med fokus på å meistre friluftsliv og oppleve gleda med å vere ute i naturen. På FINN FRAM- dagen kan du lære å…

2. mai 2017
Profilklede klare til bestilling!

Vis di støtte til Tambarskjelvar IL og Sunnfjord Triatlon – kjøp profilklede. Alle kan kjøpe: medlemmer, ikkje-medlemmer, aktive, innaktive, store, små, osv, osv! Last ned pdf med utval og prisar her. Bestilling må vere sendt til stig-sav@online.no innan laurdag 6. mai kl 21.00. Grunnen til den knappe fristen er at vi vil ha draktene levert før…

6. april 2017
Årsmelding

Du kan no laste ned årsmeldinga for 2016.

Min Idrett. Skjermbilde.
27. mars 2017
Viktig om medlemskap i Tambarskjelvar IL

Min idrett – mi.nif.no – er ditt personlege utgangspunkt for å bruke idretten sin medlemsdatabase. I idretten sin database finst det omlag 2,5 millionar personar. Alle som er registrert som medlem av eit idrettslag eller med tillitsverv eller andre funksjonar i idretten vert registrert i idretten sine databasar. Det er difor viktig for deg som enkeltmedlem og…

23. mars 2017
Årsmøtet

Tambarskjelvar IL gjennomførte fredag  kveld sitt  årsmøte. Alle som var på val i styret tok gjenvalg:

11. mars 2017
Årsmøte

Tambarskjelvar IL held årsmøte på Håjen kafe fredag 17. mars kl. 18.

13. februar 2017
Årsmøte

Tambarskjelvar IL held årsmøte på Håjen Kafe fredag 17. mars kl. 18.00. Saker til behandling må vere styret i hende innan 1.mars. Sakliste vert kunngjort på Tambarskjelvar IL si heimesida og Firda seinast ei veke før møte. Styret