ÆRESMEDLEMMAR TAMBARSKJELVAR IDRETTSLAG

Vi er stolte av å få presentere æresmedlemmar i Tambarskjelvar idrettslag.

Disse har blitt tildelt æresmedlemskapet på grunn av ekstraordinære bidrag og dedikasjon til klubben og dermed bygda. Anten om det er gjennom langvarig engasjement, eineståande dugnadsånd eller bemerkelsesverdig prestasjon, har kvar æresmedlem satt sitt preg på klubben og dermed er ein stor del av vår historie.

Vi takkar for deira innsats for fellesskapet og Tambarskjelvar Idrettslag.

 

Åsmund Berhelsen (F. 1952)

Æresmedlem i 2021.
Åsmund var pådrivar for å få bygd Naustdalshallen som stod ferdig i tilknytting til skulen i 2000. Åsmund ga ut historia om idrettslaget i 2008 saman med Ivar Longvastøl. Åsmund er leiar i ski- og orienteringsgruppa og har tidlegare vore leiar av Tambarskjelvar IL. Åsmund har vore pådrivar for å få på plass Instedalen skianlegg, og er aktiv med skiskule for barn og unge kvar vinter.

NORVALD OSPEHAUG (F. 1953)

Æresmedlem i 2005.
Norvald har gjort ein stor innsats i organisasjonen, og han er ein dugande orienteringsløpar. Norvald har vore leiar i orienteringsgruppa samanhengande i 25 år, også etter at ho vart slegen saman med skigruppa. Norvald har gjort eit stort arbeid for å få laga gode orienteringskart og har også vore leiar i hovudlaget i to år.

OLA STANDAL (F. 1925)

Æresmedlem 2001.
Ola gjorde ein stor innsats for volleyballgruppa gjennom 25 år. Han var medlem i gruppestyret i mange år og leiar eitt år. Han styrte kassa og heldt god orden på rekneskap og finansar. Han var ein stabil og samvitsfull billettseljar og loddseljar. «Ola representerer også ansvarskjensla i det frivillige arbeidet: har gjennomført det han har sagt han skal gjer... og litt til!» heiter det i grunngjevinga frå gruppestyret i volleballgruppa.

ARNE GRIMSETH (F. 1948)

Æresmedlem i 1996.
Arne Grimseth var aktiv friidrettsutøvar, og han har gjort ein omfattande jobb på organisasjons- og anleggssida. Han har vore leiar i hovudlaget, i friidrettsgruppa og i volleyballgruppa. I tillegg har han vore stemneleiar for Naustdalsstafetten i mange år. I 2001 mottok han Noregs Volleyballforbund sitt heidersmerke i sølv, med diplom. Grimseth er no styreleiar for Naustdalshallen.

ERIK HORSTAD (F. 1931)

Æresmedlem i 1996.
Erik var ein aktiv og dugande friidrettsutøvar med tresteg som beste øving. Han deltok på Bislet og i NM, der han vart nummer seks. Personleg rekord på 13,91. I høgde hadde han 1,85. Erik var også ein ivrig skihoppar. Erik har vore med i styret i laget.

GUNNAR HAGE (F. 1935)

Æresmedlem i 1996.
Hage var aktiv på fleire område og både som tillitsmann og trenar. Han har vore leiar i symjegruppa og i friidrettsgruppa. Og han har vore skiinstruktør. Han var med i byggjenemnda for idrettsbana i 1978–81.

ANDERS SÆLE (1921–2006)

Æresmedlem i 1980.
Anders vart æresmedlem for arbeidet som tillitsvald og organisator innan friidrett. Var leiar for idrettsmerkeutvalet i nesten 20 år. Han ringde rundt og fekk folk til å stille opp. Han fylgde med på resultat og førte statistikkar. Anders var også leiar i friidrettsgruppa eit par år.

HALLDOR HERSTAD (F. 1930)

Æresmedlem i 1980.
Halldor starta som aktiv både på ski og i friidrett rett etter andre verdskrigen. Han var på laget alle gongene Tambarskjelvar vann Breimstafetten. Halldor vart krinsmeister både på ski og i friidrett, og han deltok både i NM på ski og i Holmenkollen. Halldor sprang orientering og han prøvde skiskyting. I tillegg har han hatt verv både i hovudlaget, i skigruppa, i friidrettsgruppa og i orienteringsgruppa.

KÅRE EIMHJELLEN (1924–1992)

Æresmedlem i 1980.
Kåre var aktivt med i idrettslaget som tillitsmann heilt frå rett før andre verdskrigen. Han var leiar i hovudlaget i fleire omgangar og i skigruppa. Han var også aktivt med på ski og i springing.

KARL HOVE (1887–1971)

Æresmedlem i 1958.
Karl fekk Sogn og Fjordane Idrettskrins sitt heidersteikn og Norges Friidrettsforbund sitt diplom for administrativ innsats. Han var leiar i friidrettsgruppa i til saman ti år. Han var tilretteleggar og motivator for dei aktive. Han var ein primus motor for idrettsmerketakinga.

INGOLV EIMHJELLEN (1906–2000)

Ingolv Eimhjellen var skiløpar i unge år og deltok alt som 17-åring i 1923, og han var med å arrangere. Oftast var han løypesjef for alle langrenna i Instedalen. Ingolv var bonde, og han var bussjåfør i Firda Billag frå 1929. Ingolv var aktiv på mange frontar og var både songar og dirigen

OLA FIMLAND (1906–1981)

Ola Fimland var aktiv skiløpar, men han vart æresmedlem for alle dei jobbane han gjorde som tidtakar, som tilretteleggar og som hoppdommar. Han møtte alltid opp og var med å lose arrangement trygt i hamn. Ola var kommunestyremedlem frå 1935 til 1940 og frå 1946 til 1975. Han var ordførar frå 1.1.1964 til 31.12.1975.

IVAR BRUFLOT (1878–1968)

Æresmedlem ein gong i 1948–50. Han vart æresmedlem for innsatsen som hjelpar. Han var mellom anna alltid fast mann til å ordne drikke, saup eller saftblanding, på skirenna. Ivar hadde reist til Amerika, men kom attende. Han var også aktivt med i fråhaldsrørsla.