Byte, kjøpe eller berre sjå på brukt skiutstyr (sko, stavar, ski og anna). Kom på Joker i Naustedalen laurdag 5. november 12-16.

Vi i Naustedalen har trua på ein god snøvinter og Åsmund er klar.

Vi startar sesongen med å arrangere byte/selge/kjøpedag på Jokerbutikken i Naustedalen der du kan komme med skiutstyr du ikkje treng lenger og få tak i noko du treng. Spesielt vil vi tru det er mange barn som har vakse ut av fjorårets utstyr. Åpent for alle, om du berre vil kvitte deg med utstyr eller berre vil sjå på nytt utstyr.

Det blir også presentasjon av skiskulen, skianlegget og høve til å kjøpe årskort.

For å ha litt oversikt over plassbehov vil vi gjerne ha eit hint frå dei som kjem med skiutstyr. Send melding til Åsmund Berthelsen innan 3. november, på messenger eller sms 932 37 073.