Jakta er over! Alle stolpane er tekne inn, og vi kan oppsummere rekordsesongen! Nesten 500 har leita og funne ein eller fleire stolpar. Vi kan notere nesten 13000 stolpevitjingar. Kring nokre av stolpane såg vi godt at det hadde vore ganske mange der. Flest har vitja stolpane i Øyra Løken fritidsområde med Jonstadlia på ein god andreplass. Men 118 har også vitja stolpane som var sett ut mellom Svoa og Svostølen. På ein dag i mai var det i alt 28 som var ute for å leite etter stolpar. Og dei vitja til saman 344. Stolpejegarane har i snitt vitja 26 av dei 70 stolpane. Mange av stolpejegarane kjem frå andre plassar enn Naustdal og Sunnfjord kommune. Av dei som har registrert heimekommune er det flest frå Bergen – Åsane. I alt 18. Alver og Sunnfjord kommune kjem på andreplass!. Andre vestlandskommunar er også på lista, både Fitjar, Askøy og Bergen sentrum. I tilleg er det fleire frå mange austlandskommunar som har leita etter og funne stolpar i Naustdal. Den austlegaste er Kongsvinger, medan den nordlegaste er Tronheim.Vi får berre seie takk for at de tok turen til Naustdal – og håpar de hadde ei positiv oppleving! Og det same til dei lokale! Vi trur det er mange lokale som ikkje har registrert kommune, ikkje minst når dei leita etter dei 10 siste, brannvernpostane i Naustdal sentrum. Alle stolpane har hatt nesten 90 besøk i løpet av tida dei sto ute frå midt i september til slutten av oktober!


Her er nokre biletglimt frå turen med å hente inn stolpane i området mellom Svoa og Svostølen!