På Årsmøte 12 mars var det fleire som fekk heider for formidabel innsats i Tambarskjelvar.

Gunn Kristin Steindal og Frank Cirotzki har begge vore medlem av styret i fotballgruppa i fleire perioder. Til saman over 10 år i ulike roller som styremedlem, nestleiar og leiar av gruppa. I tillegg har dei vore med som kontaktperson/støtteaparat/trenar i diverse lag der dei har hatt eigne ungar med i fotballen. Dei har lagt ned ein kjempeinnsats gjennom mange år i turneringar og arrangement i regi av fotballgruppa. Gunn Kristin har teke eit stort ansvar for kiosken ved bana og Frank har lagd og drifta den beste nettsida i kretsen som har profilert Tambarskjelvar på ein framifrå måte. Dei er fortsatt med i styret.

Edith Holme Smådal og Jan Magne Åsnes er to aktive friidrettsentusiastar som held eit godt tak i friidretten i Tambarskjelvar. Jan Magne starta sitt engasjement på 80-talet, Edith tidleg på 90-talet. Begge har vore engasjert i friidrettsgruppa sitt styre og er aktive som trenarar. Edith er med sitt kontaktpunkt mot skulen viktig for rekruttering til gruppa. Begge stiller dei opp på treningar for born og unge, og Jan Magne tek eit ekstra tak for å halde herrene i bygda i form. De begge gjer ein framifrå innsats for friidretten i Tambar.

Anne Mortensbakke Solheim, Eilin Helgås Aase, Anne Marit S. Rygg og Jannicke Juvik er damer som står på for trimgruppa i Tambarskjelvar. Dei lagar treningsprogram som er så gode at ein treng ikkje reise på noko anna treningssenter, dei er blide og full av energi. Då koronaen sette stopp for hall-trening organiserte dei treningar ute, i fleire månader i 2020, i all slags ver stillte dei opp !!

Tambarskjelvar IL takkar alle for framifrå innsats over mange år!