Alle aktive i idrettslaget skal betale medlemskontingent, som m.a. dekkar forsikring av utøvar om uhell skjer.
De som ikkje har betalt medlemskontingent har no fått purring på e-post/sms.

Hugs at du/familen din ikkje er friteken frå medlemskontingent om du er trenar/oppmann osb. Du kan vere friteken frå treningsavgifta i særgruppa der du er trenar/oppmann.

Grunnen til at mange diverre ikkje betalar kan vere mange:

1. Har ikkje fått varsel

Veldig mange har ikkje oppdatert kontaktopplysningane sine i Min Idrett. Krav vert sendt på e-post/sms til alle medlemmane. Grunna nye personvernlovar har ikkje klubben høve til å endre primær e-postadresse til medlemmane i Min Idrett lenger, dette må medlemmet logge inn gjere sjølv.


2. Har slutta/flytta/ynskjer ikkje å vere medlem lenger

Om du ikkje er aktiv i idrettslaget er det ingen plikt å vere medlem. Alle som er registrert i databasen er fakturert, so sant du ikkje har meld deg ut. Det er nemlig du som medlem som sjølv må melde deg ut av idrettslaget. Det er ingen automatikk at du vert utmeldt av idrettslaget, om du t.d. slutter i vektløftargruppa eller fotballgruppa. For alt vektløftargruppa veit, er du kanskje aktiv i friidrettsgruppa. Utmelding må skje skriftleg til hovudlaget, epost er tilstrekkeleg (medlem@wordpress-673109-4343678.cloudwaysapps.com).


3. Ikkje alle i familien er samla på ein profil i Min Idrett

På Min Idrett kan du som føresett leggje til familiemedlemmar og såleis administrere og betale kontingent for desse. Born er lett å leggje til, men når det kjem til ektefelle, foreldre og vaksne over 18 år, må det sendast ein førespurnad til det aktuelle medlemmet, som då må logge inn og godkjenne førespurnaden (omlag som Facebook, og det får de jo til! )


4. Nytta feil kid- og/eller kontonummer

Kanskje har du betalt faktura utanom Min Idrett og tasta feil? Gi oss ein lyd!