Vi har no sendt ut medlemskontingent for Idrettsåret 2019.

Du som er registrert med e-post og/eller mobil har fått melding frå Min Idrett om at du har fått faktura. Du kan betale fakturaen via Min Idrett, som er det beste, eller du kan nytte fakturaen i vedlegget til e-posten i nettbanken din. Hugs riktig kontonummer og kid-nummer.

Om du inngår i eit familiemedlemskap, har du og dei andre i familien sikkert fått mange varsel. Det er fordi fakturaen går til alle som inngår i familiemedlemskapet. Det skal likevel vere berre ein og same faktura (same kid-nummer) som kjem til alle familiemedlemmane. Er dette feil er det fint om du sender ei melding til medlem@wordpress-673109-4343678.cloudwaysapps.com så prøver vi å hjelpe til.

Er du medlem og ikkje har fått varsel på e-post og/eller mobil, betyr det at vi ikkje har registrert desse opplysningane på ditt medlemskap. Vi vil sende ut faktura i posten til dei dette gjeld, men det er absolutt best om du sender oss e-postadressa og/eller mobilnummeret ditt.

Om du ikkje er medlem lengre kan du enten melde deg ut via Min Idrett, eller sende ei melding til medlem@wordpress-673109-4343678.cloudwaysapps.com slik at vi kan hjelpe deg.