Du er sjølv ansvarleg for å ha gyldig lisens til start.

Frå 2018 vert lisensordninga administrert gjennom Norges Idrettsforbund sitt IT-system: KlubbAdmin og SportsAdmin. Det gjer at du får dine resultat og ranking på din Idretts-CV!

Korleis kjøpe lisens

Betaling av lisens krev at du som utøvar er lagt inn i SportsAdmin av klubben din. Vi må difor få ei melding om du vil ha lisens, og om du vil ha vanleg heilårslisens eller utvida lisens. Vi legg då til lisens for deg som utøvar, og du får så melding og kan betale gjennom Min Idrett.

Informasjon om lisens og prisane kan du lese her

Send ei melding til Siss-May på stavdalslia@gmail.com om du vil skaffe deg lisens gjennom Tambarskjelvar IL.