For ellevte gong vert det skiskule i Instedalen Skianlegg!

Åsmunds skiskule startar måndag 8. januar og held fram kvar måndag til midt i mars. I år vert det to grupper heilt frå kl. 18.00, ei for dei frå 3-4 år og oppover til 6-7 år, og ei for dei frå 8-9 år og oppover.  Ungane kan velje kva gruppe dei vil vere med i. Kvar gruppe vert leia av ein vaksen (Åsmund Berthelsen og Henning Svoen). Vi håpar vi kan få med fleire ungdommar i vinter!

Skiskulen er skileik med rettleiing og litt instruksjon! Det vert lagt til rette for ulike aktivitetar og turski eller klassiske langrennsski er best å bruke!

Påmelding for alle til Åsmund Berthelsen – 93237073 eller asmund.berthelsen@icloud.com

innan 20.desember!  (Opplys alder og mobiltelefon)

Skiskulen er i samarbeid med idrettsskulen/barneidretten. For dei som er med der er skiskulen gratis. For dei andre kostar det 300 kr for heile sesongen.

Presentasjon skiskulen