Snøen kom tidleg, og det har allereie for godt skiføre i fleire dagar! Løyper og anlegg i Instedalen er preparert og kan nyttast. Vi legg opp til at løype og anlegg er preparert og ope til kvar ettermiddag/kveld gjennom heile veka og i helgane. Parkeringsplassen ved Vonavegen og løypa til Vonavatnet brøyter og preparerer vi til kvar helg, fredag kveld eller laurdag føremiddag, seinast. Er veret dårleg gjer vi det ikkje og legg ut informasjon på facebooksida til Instedalen skianlegg. Etter nyttår køyrer vi også skuterspor innover i Vonaområdet før kvar helg, om det er ver og føre for det.
Vi håpar at endå fleire vil nytte tilbodet vårt gjennom vinteren og kjøper sesongkort. Det kostar 500 kr for resten av 2017 og heile 2018. Bruk vipps (nr. 11205) eller nettbank 3705.25.36902. Sesongkortet er for parkering både ved anlegget og Vonavegen. Parkering elles er 50 kr pr. dag/døgn på kvar av plassane. Både brøyting og preparering er avhengig av at mange betalar sesongkort eller dag/døgn-parkering.
Velkommen til Instedalen skianlegg!
Åsmund Berthelsen (styreleiar) – 93237073