Fredag var det nattorientering i Instedalen skianlegg, med litt yr i lufta. Laurdag var det vanleg orienteringsløp frå Ekrestølen ved Horstadvatnet i strålande haustver.  Løparane var godt nøgde med løypene som Norvald Ospehaug hadde laga, og dei fleste hadde aldriv vore i området på veg mot Horstadstølen. Fleire var ikkje klar over at vi hadde slik natur i området. Løypene gav utfordringar til dei fleste, både nybyrjarar og erfarne. Og litt bom vart det og mykje springing i myr og litt ulendt terreng. Det er slikt orienteringsløparar likar. Og så burde det ha vore med mange fleire, både frå Tambarskjelvar og andre klubbar. Løpet på laurdag har namnet Haustbløyta. Namnet passa dårleg denne dagen. Blaute vart dei berre på føtene.

Resultat nattløp 22.9.17

Resultatliste Haustbløyta