Vert 10.klassingane med på å sette ny ”verdsrekord”?

Det er ikkje berre stort sykkelritt i Sunnfjord på onsdag den 24.mai! Også Verdas orienteringsdag vert markert, mellom anna i Naustdal. Der skal alle 10.klassingane på orientering  i Helgåsmarka heile dagen!  Her vert det parstafett, stjerneorientering og kartteiknstafett.

Verdas o-dag vert markert i 75 land, og det er rekna med over 250.000 deltakarar verda over.

I fjor var nyvinninga Verdas orienteringsdag ein suksess, og no tek ein sats mot den andre utgåva Målet er ”verdsrekord”.

-Vi skal lage orienteringsfest for alle, seier fagansvarleg i Norges Orienteringsforbund Lene Kinneberg, entusiastisk.

Og det er grunn til entusiasme for dei med hjartet i skogidretten.

-Verdens o-dag vart ein suksess i fjor med over 250 000 registrerte deltakear fra 81 land. I Norge var det registrert o-aktivitet på 142 stader med drygt 20 000 deltakarar. I år satsar vi på at endå fleire barn og unge får oppleve orienteringsglede.

-Målet med Verdass o-dag er å gje flest mogleg  barn og unge i heile verdan spennande og inspirerande orienteringsopplevingar og å gjere idretten kjent for fleire.

I Naustdal vert det altså orienteringsaktivitet ved Naustdal barne- og ungdomsskule og dei vel 40 tiandeklassingane får kanhende vere med å sette ny ”verdsrekord”.

-På verdsbasis er målet flerie enn 250 000 deltakere, og vi opplever at det mobilisert godt i o-klubbane rundt kring i landet.

-Det er på mange måtar det viktigaste; at flest mogleg barn og unge får oppleve artige orienteringsaktiviteter. Om det blir ny «verdsrekord» får det bli ein bonus.

Kontakt:

Åsmund Berthelsen – 93237073

Meir om verdas o-dag:

http://worldorienteeringday.co