Min idrett – mi.nif.no – er ditt personlege utgangspunkt for å bruke idretten sin medlemsdatabase.

I idretten sin database finst det omlag 2,5 millionar personar. Alle som er registrert som medlem av eit idrettslag eller med tillitsverv eller andre funksjonar i idretten vert registrert i idretten sine databasar. Det er difor viktig for deg som enkeltmedlem og for dine lag og forbund, at opplysningane som er registrert er korrekte.

Min idrett er din personlege portal til desse systema. Her kan du som medlem, utøvar, tillitsvald eller administrativt tilsett få oversikt over og endre eigne opplysningar, melde på og betale for lisens, kurs og konkurransar for deg sjølv og for dine familiemedlemmar.

Frå Min idrett kan du:
• Endre din personlege informasjon (t.d. adresseendring om du flytter)
• Sjå kva funksjonar og verv som er registrert på deg.
• Betale for dine medlemskap og skrive ut medlemskort
• Betale for dine lisensar og skrive ut lisenskort
• Melde deg på og betale kurs
• Melde deg på og betale arrangement / konkurransar / stevne / løp (ikkje alle idretter)
• Registrere din familie og gjere dei samme operasjonane for heile familien.

Betaling

Du kan bruke Min Idrett til å betale medlemskap og treningsavgift for heile familien. No kan du og bruke Min idrett til å melde deg på og betale for lisensar, konkurransar, arrangement og kurs. Foreldre kan få ei samlet oversikt over medlemskapa til borna, og gjere påmelding og betaling for desse på ein stad.

Personlige opplysningar

Norges idrettsforbund følger Datatilsynets og Forbrukerombudets krav til forvaltning av personlege opplysningar. Du kan aktivt samtykke til om du ynskjer at din adresse, e-post og telefonnummer skal vere tilgjengeleg på Internett. Frå Min idrett kan du enkelt krysse av for korleis du ynskjer at informasjon om deg skal synleggjerast.

Min idrett er utvikla av Norges idrettsforbund i samarbeid med særforbunda. Kontakt klubben din om du finn feil vedrørande funksjonar, medlemskap, verv eller lisensar. Har du andre spørsmål kan du kontakte support på support@idrettsforbundet.no