Vi har som mål å ha ferdig klubbhuset (med sanitæranlegg, varmestove og smørebu) før marka frys og snoen kjem. Difor inviterer vi til dugnad kvar laurdag framover, frå omlag kl.10.00 til 15.00. Arne Sunde og Arne Ommedal er godt i gang og skal vere byggeleiarar. Vi skal bygge om brakkene, islolere, kle og få på plass toalett.

Naustdal Bygg, Reiakvam Rørservice og Naustdal Elektro støttar opp med forskottering og dugnad.

Helsing Styret i Instedalen Skianlegg