]

Fem av tur-orienteringspostane er på vegen frå Engebø-gardane og opp på toppen av det etter kvart så kjende Engebjøfjellet.
Fem av tur-orienteringspostane er på vegen frå Engebø-gardane og opp på toppen av det etter kvart så kjende Engebjøfjellet.

Sommaren er tid for tur-orientering. Nytt høve til å bli kjent på nye stader og bruk kart for å finne fram.

45 postar (raud og kvit skjerm)  er plasserte i åtte ulike område i Naustdal: Engebøfjellet, Gjøringbøfjellet, frå sentrum mot Vindkjegla, Helgåsmarka, Kvamsstølane – Kleppestølen, Byrkjelandsstølane, Instedalen skianlegg/Gavlane og Ospefjell ved Svoa.

Postane står ute til 1. november. Kart  med innteikna postar og postbeskrivelse kan de kjøpe på nettet (turorientering.no)  for 40 kr. Eller de får kjøpt det på coop marked i Naustdal.

Registrer dykk på turorientering.no/tambarskjelvar når de har funne postane og notert kodane.

Dei siste postane i årets tur-orientering vart sett ut i slutten av juni, i området frå Svoa og rundt Ospefjell
Dei siste postane i årets tur-orientering vart sett ut i slutten av juni, i området frå Svoa og rundt Ospefjell