Politiattest

Alle som jobbar med born og unge i Tambarskjelvar IL skal framvise politiattest.

Styret i Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF) vedtok med verknad frå 01.01.2009 at heile norsk idrett skal krevje politiattest for alle som skal utføre oppgåver som inneber eit tillits- eller ansvarsforhold ovanfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming.

Personar som ikkje har vist fram politiattest utan merknad, kan ikkje settast til oppgåver som inneber eit tillits- eller ansvarsforhold ovanfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming.

Alle tilsette og frivillige som skal utføre oppgåver for idrettslaget som inneber eit tillits- eller ansvarsforhold ovanfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming skal skaffe politiattest.

Politiattestansvarleg i idrettslaget er Pål Arve Myklebust.

Representanten har teieplikt ovanfor uvedkommande i forhold til dei opplysningar dei får kjennskap til.

Innhenting på 1-2-3:

  1. Søknaden om politiattest fyllast ut av den søknaden gjeld for (info og søknadsskjema finn ein her), og sendast politiet saman med stadfesting frå idrettslaget. Denne får ein av ansvarleg for politiattest, (namn på styreoppnemnt ansvarleg for ordninga i idrettslaget)
  2. Politiet sender attesten som ordinær post til den søknaden gjeld for. Den blir ikkje sendt til idrettslaget.
  3. Den søknaden gjeld for, skal vise fram politiattesten sin til Pål Arve. Idrettslag skal ikkje lagre attesten, men berre få den vist fram til gjennomsyn.
Skip to content