Vi har registrert dalande interesse og lite oppmøte generelt på Trimgruppa sine trimturar. Spesielt ser vi svært lite oppmøte frå Trimgruppa sine eigne medlemmer.

Ulike lag og organisasjonar organiserer trim- og fjellturar i kommunen, slik at liknande tilbod vil vere tilgjengeleg for interesserte.

Styret går inn for at Trimgruppa ikkje organiserer trim-/fjellturar sommaren 2016.

Skulle interessa igjen auke for eit slikt tilbod, vil vi sjølvsagt vurdere saka på nytt seinare år.